– Sjukelønnsordninga i Norge er luksuriøs og urettferdig

Underteikna er som over 170 000 andre her i landet sjølvstendig næringsdrivande med enkeltpersonføretak. Blant oss som driv for eigen kostnad og risiko finn ein alle type yrke. Eg er frilansjournalist.

Les også: 7 råd til frustrerte SMB-ledere

Det er fritt og enkelt å vera sin eigen sjef, noko mange av oss set pris på. Tidlegare var eg tilsett i ei avis. Då kunne eg vera heime med sjukt barn og få løn frå første dag eg melde meg sjuk.

Frilansjournalist Heidi Hjorteland Wigestrand

Null kroner i 16 dagar

Me som har enkeltpersonføretak er på B-laget når det gjeld trygderettar. Sidan me er vår eigen arbeidsgjevar, må me også ta sjukt barn- dagar på eiga kappe, likeins dei 16 første dagane me sjølv er sjuke, (om me ikkje kjøper dyre forsikringar frå NAV). Det kan vera tøft, men logisk.

Reglane for langtidssjuke er det ikkje.

Blir me langtidssjuke får me 75 prosent sjukepengar frå NAV. Ein fast tilsett får 100 prosent av inntektsgrunnlaget sitt.

Kvifor?

Det har ingen klart å gi meg eit godt svar på.

Frå forbundet mitt, NJ Frilans, får eg til svar: «Det finnes ikke noe bedre svar enn at det er slik trygdesystemet er.»

Me som driv enkeltpersonføretak betalar skatt som andre, me betalar endåtil nesten tre prosent meir i trygdeavgift.

Robin Hood, kor er du?

Når du er på B-laget og ser kva rettar dei på A-laget har, og korleis enkelte i tillegg utnyttar desse, kjennest ønsket om ei endring i sjukelønsordninga påtrengande for oss som lever med eit mindre raust trygdesystem.

Sjukepengeordninga kunne med fordel vore skjerpa inn for vanlege lønstakarar, og då gjerne til gunst for oss på B-laget.

Tidlegare leiar i Virke, Vibeke Hammer Madsen, tok til orde for ei innstraming i sjukelønnsordninga med tanke på langtidsfråværet. Ho ønsker å redusera utbetalinga i sjukepengar frå dag ein, eller lengden på utbetalingane, som i dag er eit år. Årsaka er at langtidsfråvær er dyrt, og fører til fråfall frå arbeidslivet.

“Sjølv om somme er sjuke og har strevsame liv, må ein snart våga å snakka om arbeidsmoral og stilla større krav til «vanlege» folk”

– Heidi Hjorteland Wigestrand

Madsen refererer til forsking som viser at det er mange som blir friske like før sjukelønnsperioden går ut. Det får henne til å tru at mange ville komme tidlegare tilbake i jobb, om ordninga blei kutta i.

Ingen i verda er meir sjukemelde enn nordmenn i fast jobb. Dette kostar staten rundt 43 milliardar kroner i året. Bedriftene sine utlegg var i fjor om lag 27 milliardar kroner, ifølge Virke.

Kortidsfråværet (dei første 16 dagane som arbeidsgivar betaler for) kosta i 2017 det private næringslivet 36 milliardar kroner, viser tal frå Bedriftsforbundet.

I Norge er ein fast tilsett sjukemeldt i snitt nesten 15 dagar i året.

Tilsette i offentlege bedrifter har eit høgare sjukefråvær enn tilsette i private bedrifter. Og kvinner er meir sjukemelde enn menn.

Les også: Næringsministeren blogger – skal gjøre det lettere for bedriftene

Bli medlem i SMB Norge

Jobben får svi for travel helg

Sjølv om somme er sjuke og har strevsame liv, må ein snart våga å snakka om arbeidsmoral og stilla større krav til «vanlege» folk. Det bør vera innlysande at ei så god sjukelønnsordning freistar enkelte til misbruk.

«Alle» har høyrt om han som har festa hardt heile helga, og vaknar med skallebank måndag og droppar jobb. Men kven snakkar om kvinna, som fordi ho set så høge krav til kva ho skal vinna over saman med barna i helgane, vaknar med stressmigrene måndag, og difor også droppar jobb?

Det må då vere feil at folk organiserer seg slik at privatlivet blir så krevjande at jobben regelmessig får svi for det?

Kvinner sitt sjukefråvær ligg skyhøgt over menns, også når ein korrigerer for svangerskapsplager. Ein artikkel på forskning.no frå 2018 blir ein stor del av kvinners fråvær framstilt som eit mysterium.

Vel.

Då er det like mystisk at både kvinner og menn er mindre sjukemelde i private bedrifter enn i statlege og kommunale føretak.

I ei mellomstor privat bedrift veit den tilsette at heile arbeidsstokken er ansvarleg for at økonomien skal gå rundt. Dermed blir det eit større, gjerne umedvite, krav om at du går på jobb så sant du kan. Er det så gale, då?

Les også: Robotene kommer!

Greier meir når du må

Arbeidsmoralen er høgare i private bedrifter, det veit eg av erfaring. Då barnet hadde feber, eller eg sjølv var småpjusk, var det å rigga seg til med pc-en i sofaen, for det var jo sider å fylla til neste dag.  Ei blanding av eigne ambisjonar og uuttalte forventningar frå andre i avisa, var drivkrafta bak dette.

I ei stor kommunal bedrift, som ein sjukeheim, til dømes, er den enkelte arbeidstakar ei lita brikke i det heile. Og den store mor kommune har pengar nok.  På vaktrommet kan ein tilsett seie til den andre utan blygsel: «Ta, deg ei sjukemelding. Du treng det, vennen min.»

Ein kvinneleg frilansjournalist som har fire barn fortel meg at ho har tatt ut fire sjukedagar på grunn av barns sjukdom. Til saman. Alt det andre fråværet på grunn av barns sjukdom har ho organisert inn i arbeidsdagen sin.

Dette står i grell kontrast til kva ei kvinne som også driv for seg sjølv opplevde ein dag ho var ute og gjekk tur.

Då møtte ho ein nabo ho trudde skulle vera på jobb.

  • Har du fri i dag?
  • Eg hadde ein eigenmeldingsdag eg ikkje hadde brukt opp, var svaret.

Vondt i halsen for eigen kostnad

Også eg kunne blitt ein tilsett med låg terskel for eigenmelding viss eg frå unge år hadde komme inn i ei stor kommunal bedrift, for eg trur dette er ein kultur som sit i veggane.

Takka vera åra i privat arbeidsliv har eg fått ein betre arbeidsmoral, noko som kjem godt med når eg driv for meg sjølv. Toleransen for småplager er likevel ikkje alltid den beste. Då er det befriande å vita at eg kan gå til sengs med vond hals, utan dårleg samvit for velferdsstaten. For eg ligg der utan ei krone.

Kort om bloggeren:

Dette innlegget er skrevet av Heidi Hjorteland Wigestrand. Heidi har bred erfaring som journalist etter over 20 år i Stavanger Aftenblad. Siden 2013 har hun jobbet som frilansjournalist og levert saker til publikasjoner som Hjemmet, Norsk Ukeblad og Familien. Hun har i tillegg gitt ut to novellesamlinger og en roman.  

Bli medlem i SMB Norge