Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn skriver blogginnlegg på dinbedrift.no
Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn mener det er behov for målrettede tiltak for å inkludere SMB-sektoren i det grønne skiftet, og skal gjøre sitt for å hjelpe til på veien, skriver han i denne utgaven av SMB-Bloggen:
Les også: NY RAPPORT – SMB-sektoren må inkluderes i “det grønne skiftet”
Små og mellomstore bedrifter er ryggrada i norsk næringsliv. Over éin million menneske jobbar her, og skapar store verdiar for Noreg.
Som klima- og miljøminister er det mi oppgåve å få fart på det grøne skiftet, i godt samspel med folk og bedrifter. Klimaforskarar verda rundt har lenge sagt at statar og næringsliv må bidra med tiltak for å reversere tempoet i den globale oppvarminga. Konsekvensane av den globale oppvarminga er for store og irreversible for dyr, natur og menneske til at vi kan gjere ting slik vi alltid har gjort det. Kostnaden ved ikkje å handle er langt høgare enn kostnaden ved å ta grep no.
Låge utslepp
Noreg og resten av verda arbeider difor aktivt for å redusere utsleppa. Innan 2030 skal vi redusere utsleppa med minst 50 prosent og opp mot 55 prosent. Dette er i tråd med kva mellom anna EU og USA skal gjere. I 2050 skal vi ha eit samfunn med svært låge utslepp, og i Noreg har vi mål om å kutte klimagassutsleppa med 90-95 prosent.
Norsk næringsliv er allereie godt i gang med omstillinga til eit lågutsleppsamfunn. Bedriftene våre står framfor store moglegheiter til å utvikle teknologi, nye produkt, løysningar og forretningsmodellar som det er behov for i et lågutsleppsamfunn. Investorar ønsker i aukande grad å investere i bedrifter med grøn forretningsmodell og låge utslepp, og kundar etterspør i aukande grad produkt og tenester som er grøne.
Les også: Krever bedre tilbud til gründere som sliter
Grøne forretningsmodellar
Det er sjølvsagt stor merksemd rundt kva dei store industrilokomotiva foretar seg som del av det grøne skiftet. Men eg har merka meg at det òg har kome til nye små- og mellomstore bedrifter som går føre med utvikling av grøne forretningsmodellar. Eit døme er bedrifta Fjong som har ein app for utleige av klede. Bedrifta har i dag har rundt 20 tilsette. Tiise som har ein app for å enkelt kjøpe og selje brukte klede og interiør, har i dag rundt 35 tilsette.
Nabobil er eit anna døme på ei bedrift som har lukkast med å skape forretning av å dele ressursar. Cuboid leverer digitale sjølvbetente sals- og leveringsløysningar i Skandinavia. Dei har fokus på null matsvinn og miljøvennleg emballasje. Dette er berre nokre kjente døme blant mange framoverlente bedrifter. Det inspirerer, og viser moglegheitene for å oppnå vekst og verdiskaping i eit lågutsleppssamfunn.
Les rapporten: SMB-enes rolle i det grønne skiftet
Vidare prosess
Nyleg fekk eg ein rapport frå SMB Norge om dei små og mellomstore bedriftene si rolle i det grøne skiftet. Rapporten skal vere eit grunnlag til ein vidare prosess, med utvikling av eit grønt vegkart for SMB-ar. Eg har merka meg at rapporten seier at SMB-leiarar er positive og interesserte til grøn omstilling. Det er bra! Samstundes meiner mange at vi treng meir målretta tiltak for å lukkast. Det tar eg som ei utfordring.
Ni av ti bedrifter i Noreg er SMB-bedrifter. Det seier seg sjølv at desse spelar i viktig rolle i arbeidet med å nå klimamåla våre.
Eg håper og trur difor at eit vidare arbeid med å lage eit vegkart kan gje betre kunnskap som kan føre til gode idear og konkrete tiltak for ein grøn SMB-sektor. Eg lovar å gjere mitt for å hjelpe til på vegen.
Kort om bloggeren: Sveinung Rotevatn (33) er Klima- og Miljøminister og nestleder i Venstre. Han er utdannet jurist og ble valgt inn på Stortinget i 2013